Organisasjonsplan
Denne organisasjonsplanen har fleire hensikter:
- Skape ei forståing av organiseringa av Moster idrettslag.
- Kva er målet for organisasjonen?
- Kva oppgåver har styret, undergruppene og andre frivillige?
Idrettslaget formål:
Moster idrettslag skal vere ein open og demokratisk organisasjon der formålet er å drive idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paraolympiske komite (NIF).
Visjon
Aktivitetane i Moster IL skal vere basert på dei retningslinjer og føringar som er utvikla av Norges Fotballforbund (NFF) og Moster IL.
- Visjonen til NFF er “Fotball for alle – Glede, drømmer og fellesskap”
- Visjonen til Moster IL er “Kjekt for alle, utviklande for den enkelte”
Virksomhetsideen
Moster idrettslag skal vere hovedaktøren for utvikling av idrettsleg aktivitet på Moster, og ein aktiv bidragsytar for å skapa aktivitet i bygda og legge til rette for egenorganisert aktivitet.