Utleige og bruk av klubbhus
All utleige og bruk av klubbhus skal avklarast med dagleg leiar – gjeld også intern bruk.
Reklame/sponsoravtalar
Alle sponsor-/samarbeidsavtaler skal godkjennast av hovedstyret. Ei gruppe kan ikkje inngå eigne avtalar utan godkjennelse frå hovedstyret.
Klubbdrakter/profilering
Drakter: grøn overdel, kvit shorts, grønne sokkar. For lag som ønsker svart short kan dette bestillast. Alle spelarane på laget skal i så tilfelle stille i svarte shortsar.
Trykk på drakter: Alle trykk på drakter skal vere godkjent av hovedstyret.
All bestilling av drakter og utstyr skal gjerast i samarbeid med materiellansvarleg og sponsoransvarleg.