Aktiviteten i Moster IL skal vere basert på dei retningslinjer og føringar som er utvikla av Norges Fotballforbund (NFF) og Moster IL.
Visjonen til NFF er «Fotball for alle – Glede, drømmer og fellesskap»
Visjonen til Moster IL er «Kjekt for alle, utviklande for den enkelte».
Målsetjinga for fotballaktiviteten i Moster IL er å legga til rette for at flest mogleg får driva med fotballaktivitet lengst mogleg, under best moglege vilkår for spelarar på alle ferdighetsnivå. NFF sitt verdigrunnlag for barne- og ungdomsfotballen bygger på dei tre grunnpilarane
«Trygghet og utfordring + mestring = trivsel og utvikling»
«Fair play»
«Fotball for alle»
Dette skal og vera rettesnorene for all aktivitet i klubben vår.
Moster idrettslag ønsker:
å vera eit godt tilbod til alle og gi tilbod til deg som vil bli god
rekruttera så mange born som mogleg
halda på så mange som mogleg i fotball og klubben
For å klare dette må me saman arbeida for å lage forhold som skapar trivsel, fellesskap og ein god klubbfølelse.