LOVNORM FOR IDRETTSLAG

Vedteken av Idrettsstyret 16. november 2021.

LOV FOR MOSTER IDRETTSLAG

Stifta 01.07.1967

Sist endra 01.09.22

 

Formålet til idrettslaget er å drive idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paraolympiske komité (NIF). Arbeidet skal vere prega av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.

 

(1)         Idrettslaget er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemmer.

(2)         Idrettslaget er medlem av Norges Fotballforbund (NFF) Hordaland. For reglar om plikta idrettslaget har til å vere medlem av eit særforbund gjeld NIFs lov § 10-1 (4).

(3)         Idrettslaget er medlem av NIF gjennom Vestland idrettskrets og er tilslutta Bømlo idrettsråd.

(4)         For reglar om representasjonsrett gjeld NIFs lov § 10-3.

(5)         For reglar om plikta idrettslaget har til å halde regelverket og vedtaka til overordna organisasjonsledd gjeld NIFs lov §§ 2-2 og 2-3.

 

 

For reglar om kjønnsfordeling i styre, utval m.m. og ved representasjon til årsmøte/ting i

overordna organisasjonsledd gjeld NIFs lov § 2-4.

 

For reglar om stemmerett, kvalifisering til val og forslagsrett gjeld NIFs lov §§ 2-5, 2-6

og 2-7.

 

For reglar om inhabilitet gjeld NIFs lov § 2-8.

 

 

For reglar om vedtaksførleik, fleirtalskrav og protokoll gjeld NIFs lov § 2-9.

 

 

For reglar om refusjon av utgifter og godtgjering gjeld NIFs lov § 2-10.

 

For reglar om rekneskap og revisjon m.m. gjeld NIFs lov §§ 1-7, 2-11, 2-13 og 2-14.

 

  1. godkjenne dei som har stemmerett
  2. velje dirigent(ar)
  3. velje protokollførar(ar)
  4. velje to medlemmer til å skrive under protokollen
  5. godkjenne forretningsordenen
  6. godkjenne innkallinga
  7. godkjenne saklista
  8. behandle årsmeldinga frå idrettslaget
  9. behandle
    1. rekneskapen til idrettslaget
    2. den økonomiske meldinga frå styret
    3. meldinga frå kontrollutvalet
    4. eventuell melding frå engasjert revisor
  10. behandle saker som kjem fram av godkjend sakliste
  11. fastsetje
    1. medlemskontingent på minst kr 50
    2. eventuell treningsavgift, eller gi styret fullmakt til å fastsetje treningsavgifter
  12. vedta budsjettet til idrettslaget
  13. behandle organisasjonsplanen til idrettslaget
  14. Velje
    1. styre med leiar, nestleiar, 3 styremedlemmer og 1 varamedlem.
    2. kontrollutval med 2 medlemmer og 1 varamedlem
    3. representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gi styret fullmakt til å utnemne representantane
    4. valkomité med leiar, 1 medlem(mer) og 1 varamedlem
    5. Kandidatar til husgruppa 1 leiar, 2 medlem og 2 varamedlem
    6. eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget
  1. avgjere om det skal engasjerast revisor til å revidere rekneskapen til idrettslaget

 

Leiarar og nestleiarar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemmene skal veljast samla. Deretter skal varamedlemmene veljast samla. Der det blir valt fleire varamedlemmer, skal det veljast 1. varamedlem, 2. varamedlem osv.

For reglar om stemmegivinga på årsmøtet gjeld NIFs lov § 2-21.

(1)        Idrettslaget blir leidd og forplikta av styret, som representerer idrettslaget eksternt.

(2)         Styret er den høgaste styresmakta til idrettslaget mellom årsmøta, men visse avgjerder kan berre vedtakast av årsmøtet i samsvar med § 10 (3) og NIFs lov § 2-22.

(3)         Forvaltninga av, og tilsynet med, alle delar av idrettslagsverksemda høyrer under styret. Styret skal sørgje for

(4)         Styret kan utnemne komitear/utval for handtering av kontinuerlege eller enkeltståande oppgåver, og utarbeide mandat/instruks for dei.

(5)         Styret skal oppnemne representantar til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd dersom årsmøtet ikkje har valt representantar.

(6)         Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det, eller når minst to av styremedlemmene krev det.

 

(1)         For reglar om kontrollutvalet gjeld NIFs lov § 2-12. [Kontrollutvalet arbeider i samsvar med eigen instruks som er vedteken av årsmøtet.]

 

(2)         For reglar om valkomiteen gjeld NIFs lov § 2-18. [Valkomiteen arbeider i samsvar med eigen instruks som er vedteken av årsmøtet.]

(1)         Årsmøtet i idrettslaget kan vedta å opprette og leggje ned grupper, og korleis dei skal organiserast og leiast. Dette blir vedteke i samband med den årlege behandlinga av organisasjonsplanen til idrettslaget, jf. § 10 (3) pkt. 13. Innmelding og utmelding av særforbund krev lovendring, jf. § 2 (2).

(2)         Dersom årsmøtet i idrettslaget ved behandlinga av organisasjonsplanen har vedteke å opprette grupper med gruppestyre, gjeld følgjande:

  1. a) Kvar gruppe skal ha eit gruppestyre på minst tre medlemmer. Gruppestyret blir valt på årsmøtet eller blir utnemnt av styret etter fullmakt frå årsmøtet.
  2. b) Gruppa bør ha minst eitt årleg møte der gruppa diskuterer økonomien i gruppa og aktiviteten i gruppa, foreslår kandidatar til gruppestyret og dessutan gir eventuelle innspel til saker som blir behandla av styret eller årsmøtet.
  3. c) Gruppestyret konstituerer seg sjølv, med mindre årsmøtet har vedteke noko anna.
  4. d) Gruppestyret fastset ei eventuell årleg treningsavgift innanfor ramma av fullmakt som er gjeven av årsmøtet.

(3)         Gruppestyret eller representantar for grupper kan ikkje inngå avtalar eller på annan måte forplikte idrettslaget utan fullmakt frå hovudstyret.

 

For reglar om lovendring gjeld NIFs lov § 2-2.

Ein føresetnad for eit gyldig vedtak om oppløysing er at idrettslaget skriftleg varslar idrettskrinsen og særforbundet seinast 14 dagar før årsmøtet til idrettslaget behandlar forslag om oppløysing.

(2)         Samanslutning med andre idrettslag blir ikkje rekna som oppløysing av idrettslaget. Vedtak om samanslutning eller utmelding frå særforbund, og nødvendige lovendringar i tilknyting til dette, må gjerast med 2/3 fleirtal av årsmøtet.

(3)         For reglar om utmelding og tap av medlemskap i NIF gjeld NIFs lov § 10-2.

(4)         Ved utmelding eller tap av medlemskap skal eigedelane til idrettslaget som er opparbeidde som ei direkte følgje av medlemskapen til idrettslaget i NIF, gå til eit formål som er godkjent av Idrettsstyret. Ved oppløysing eller anna opphøyr av idrettslaget går overskytande midlar i laget etter avvikling til eit formål som er godkjent av idrettskrinsen.