Fotball i Moster Idrettslag
Aktiviteten i Moster IL skal vere basert på dei retningslinjer og føringar som er utvikla av Norges Fotballforbund (NFF) og Moster IL.
- Visjonen til NFF er «Fotball for alle – Glede, drømmer og fellesskap»
- Visjonen til Moster IL er «Kjekt for alle, utviklande for den enkelte».
Målsetjinga for fotballaktiviteten i Moster IL er å legga til rette for at flest mogleg får driva med fotballaktivitet lengst mogleg, under best moglege vilkår for spelarar på alle ferdighetsnivå. NFF sitt verdigrunnlag for barne- og ungdomsfotballen bygger på dei tre grunnpilarane
- «Trygghet og utfordring + mestring = trivsel og utvikling»
- «Fair play»
- «Fotball for alle»
Dette skal og vera rettesnorene for all aktivitet i klubben vår.
Moster idrettslag ønsker:
- å vera eit godt tilbod til alle og gi tilbod til deg som vil bli god
- rekruttera så mange born som mogleg
- halda på så mange som mogleg i fotball og klubben
For å klare dette må me saman arbeida for å lage forhold som skapar trivsel, fellesskap og ein god klubbfølelse.