vår historie

Moster idrettslag vart stifta i 1967 og vart teken opp i Norges Fotballforbund november same året.

Dei første åra var det kun A-lag som stilte. Det var heilt andre fasilitetar på den tida, eller kanskje heller mangel på fasilitetar. Laget hadde ingen bane, så alle kampane vart spelte på bortebane.

I 1968 starta planleggingsarbeidet med idrettsbanen. Då ein kom til 1970 og banen framleis ikkje var ferdig, vart det på eit ekstraordinært årsmøte lufta tanken om å legga ned heile laget på grunn av dårlege treningsforhold og elendig oppslutning. Dette vart avvist av årsmøtet, og i august same året vart den nye banen opna.

I 1978 vart garderobe/klubbhus påbyrja, men på ein litt anna måte enn ein først hadde tenkt. Gjennom lån i Bremnes og Moster Sparebank, gåver frå bygdafolket og mykje dugnadsarbeid, fekk ein kjøpt og sett på plass 7 brakker.

MIL har vore eit idrettslag med ulike tilbod og idrettar, som volleyball, skyttargruppe, handball og friidrett for å nemne noko. I seinare tid har Moster IL vore eit særidrettslag med fotball som idrett og er i dag medlem av NIF og NFF.

Sidan oppstarten av idrettslaget så har det skjedd store endringar og forbetringar når det gjeld bane- og garderobeforholda. No  har idrettsplassen både ein grasbane og ein kunstgrasbane. Hausten 2017 stod det nye klubbhuset ferdig, og her er det lagt ned mykje tid og krefter. Det har bidratt til at me i dag har gode forhold for å kunne skape aktivitet og møteplassar i klubben.